
Vel, då var den siste bleia skifta, i alle fall for denne omgang. Elisabet greip agnet med dropsbelønning som ein sulten spekkhogger og praktiserar for tida ivrig toalettgange. Det er herleg for oss, sjølv om det ikkje er til å stikka under ei keramikkpotteplantepotte at det av og til skjer seg.
Då eg rett og slett ikke var i stand til å oppdrive truverdig bleie-statistikk på statistisk sentralbyrå, må eg bruke andre midler for å finne aktverdige tal på dette; nemleg meg sjølv.
For det første: eg har hatt bleiebarn i 6 år nå.
Eg vil anslå at mine barn i snitt har hatt bleier i 2,8 år. Dette blir på ca 3066 dagar med bleier på våre tre håpefulle til saman. Dersom eg anslår 4 bleier om dagen som eit gjennomsnitt(det er under gjennomsnittet eg fann i VG.no) blir det omlag 12 264 bleier på desse åra. Eg vel å runde det av til næraste heile 13 000(noko som heller ikkje ligg så langt unna TV2s anslag på 5000 bleier pr barn). Når det gjeld kor mange prosent av desse eg personleg har handtert, er nok det eit tal som kan diskuterast innad i familien utan å finne ei minneleg løysing. Eg vel derfor å halde meg til fifty/fifty, då kjem eg best ut av det…
Dersom me skal sjå litt på bleiekostnadane, er eg noko usikker på kva snittprisen på ei bleie er. Eg ser imidlertid at prisen ligg noko over og under 2 kroner pr stk. Det gir oss utgifter til denne herligheten på ca 26 000 kroner desse åra. Med andre ord, vel anvendte penger sjølv om det absolutt burde vore ein eigen post 4.3.9. i sjølvangivelsen for bleiefradrag.
Våre bleier koster 0,80 kr pr stk. Pampers……