Jomfrutur til Titicacasjøen

Etter me hadde ”vore” i bror min sitt bryllup, reiste me ein tur til Puno, ein by ved Titicacasjøen, ca 45 min fra oss. Her ser du Puno og verdas høgaste seglbare innsjø. For deg som måtte vere interessert i det, kan eg nevne at heile krigsflåten til Bolivia er å finne her. Nyttig.

Byen var på mange måtar lik Julica, men landskapet rundt og det azurblåe havet skilte den likevel frå vår heimby. Vel, blå og blå; på nært hald er det vel ikkje til å stikke under ein sofa at vatnet var grønt, forsøpla og skittent inntil havna.

Me spiste mat på ein heller tvilsom restaurant. Når eg kaller den tvilsom, er det fordi me har vestlige standarder i tankane når det gjeld td vasking av glass. Dersom du studerer bildet under, ser du butikken som var i restauranten me valgte. Ser du enda betre etter, ser du også oppvaskemaskina dei vaska glassa med. Nå kjente eg ikkje på vatnet guten brukte når han vaska glassa våre, men at det var veldig varmt, tvilar eg på.

Ellers kan eg nevne at me svidde av litt penger på lokalt håndverk på markedet.

Det siste bildet viser meg der eg for første gang blei stoppa av politiet. Som det er blitt meg fortalt, viste eg han vognkort og forsikringsbevis og venta berre på at han skulle henge seg opp i eit eller anna og kreve 20 soles for å sleppe meg vidare. Då han såg at det stod ”missionaire” på forsikringspapira, smilte han berre og vinka meg vidare. Grei kar, sjølv om han ikkje ville me skulle ta bilde av han. Her ser me likevel at Veronika, som er skikkelig tøff og gal, tok et bilde av armen hans. Bra jobba.

Det aller siste bildet er henta fra havna.

Og til slutt et bilde av Kystvakta.

0 Responses to “Jomfrutur til Titicacasjøen”



  1. Legg igjen en kommentar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s




Kort fortalt:

Litt av kvart om livet vårt.

Tidstrøbbel?

september 2008
M T O T F L S
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930  

Blog Stats

  • 63 606 hits

%d bloggere liker dette: