Fantastico!

Som du kanskje ser på bildet, har me fått finfint besøk frå Noreg. Beate og Jarle, sammen med masse lypsyl, melkesjokolade, godt humør, gaver til små og store og ikkje minst helsingar frå gamlelandet kom til oss fredag kveld med buss. I god Perutradisjon var sjølvsagt bussen altfor sein.

Dersom du faktisk vel å lese vidare på denne posten, vil du skjønne overskrifta enda betre…

I dag reiste me nemleg til Puno. Det seier kanskje ikkje deg så masse, men dersom eg nevnar Titicacasjøen(Pumasjøen, fordi den er forma som ein katt..)ringer det forhåpentligvis ei bjelle.

Titicacasjøen er verdas høgastliggande seglbare(kva betyr eigentleg det?)innsjø. Me leigde vår eigen båt og kaptein for nokre timar og fekk ein uforglømmelig tur dei svært så spesiell sivøyene kor det bur folk. Dette får du berre hoppe over å lese dersom du vil, men eg må berre skrive litt om øyene.

Sivøy: Ei sivøy flyt. Desse vert laga av torv som dei skjer(for bokmålfolk: skjærer)ut i store blokker på 6 – 8 meter lengde og breidde. Torva flyt og desse blokkene vert bitta saman med kvarandre, jo fleire, jo større blir øya. Etter at dei har laga ei øy dei likar størrelsen på, vert den ankra fast ein stad dei synast kan vere fin å bu på. Så hentar dei mykje siv som dei legg i kryss og tvers oppå torva. Når det er gjort byggjer dei ”hus” av bambus oppå det heile. Ei slik øyb brukar dei eitt år og to på og lage, og den kan holde saman i 25-30 år, noko som er betrakteleg lenger enn sivbåtane deira som har ei forventa levetid på ca 2 år. For dei som i sitt skammeleg store uvit ikkje veit noko om saken, må det nevnast at det var her Thor Heyerdal var og eksperimenterte med sivbåtar før han drog på ekspedisjon. Grunna skammeleg lite kunnskap om dette på det nåverande tidspunktet, kan forfattaren av denne teksten diverre heller ikkje gjere meir greie for kva ekspedisjon det er snakk om, men reknar med det var Kon Tiki sidan det var navnet på sivbåten me fekk prøva.

Det var ei utruleg oppleving å oppleve korleis folk faktisk lever på desse øyene. For det første var det ikkje snakk om at det var fast grunn me gjekk på. Sivøyene hadde eit tjukt lag med mjuk bambus som underlag og dei gynga i vatnet. Me fekk kikke inn i huset til ein kar som var gift og hadde 4 born. Eg tippar huset var om lag 2X4 meter stort og hadde eitt rom og ei seng(og ein liten TV som gjekk på solcellerJ) På øya me besøkte budde det 6 familiar. Dei lever vel mest av turisme, men og av fiske. Jordbruk var det forståeleg nok lite av… Det må og nevnast at me fekk smake ”titicacabanan”, nemleg tjukke siv som me skrelte og spiste innmaten i, siv er med andre ord nokså allsidig…

Dersom du nå er lei av å lese nynorsk(beklage folkens, men eg trur nynorsken har eit kort liv igjen) kan eg trøste deg med at du nå er ferdig og i fred og ro kan sette deg ned og nyte dei bileta du måtte føle for. Og; dersom du er i nærområdet, må du berre stikke innom. Det er alltid koseleg med besøk.

1 Response to “Fantastico!”


  1. 1 Jørn september 30, 2008, kl. 6:42 am

    Så mye kjekt dere opplever. Kjenner at jeg savner å være sammen med dere ….Klem Berit


Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s




Kort fortalt:

Litt av kvart om livet vårt.

Tidstrøbbel?

september 2008
M T O T F L S
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930  

Blog Stats

  • 63 606 hits

%d bloggere liker dette: